NYE STOFF
 

Trøyst for ein stoffsamlar 

 -stoff isolerer skåpa dei blir oppbevarte i...

 -stoffkjøp hjelper til å halde i gong konjukturane...

 -stoffkjøp er billegare og meir morosamt enn psykiatri...

 -stoff treng ikkje oppbevarast i kjøleskap...

 -stoff skal ikkje tilberedast for å nytast...

 -stoff skal ikkje matast, bytast på eller mosjonerast...

 -stoffkjøp er ikkje umoralsk, ulovleg eller feitande...

 -stoff roar nervane og tilfredsstiller sjela...

 -stoff er bra til å dekke tidlegare tome flater,t.d.strykebrettet,    kjøkkenbordet eller gjesterommet...

 -stoff tilfredsstiller lengten din etter venleik og inspirasjon, i alle  fall fire gonger, når du kjøper det, når du tittar på det,når du syr  noko av det og når du bruker den saka det blei til slutt...

 -stoff er oftast billegare enn bildelar, båtutstyr, golfutstyr og   fiskesaker... 

 -den som har mest stoff vinn...

Du får lov å kjøpe meir stoff,  det har du fortent!